Glittertind
Album • 2017
Vind på hav slå silkesegl syng den song som saga fortel - Erkebiskop Olav bar sorg og skuld som heilag far Konung Kristian drøymer Danmark-Noreg gløymer: Olav Engelbrektsson Frykta for sitt fedreland Martin Luther truga han Som ein løve i frå nord slost han for si moderjord Olav Engelbrektsson /:Kyrie eleison:/ Olav Engelbrektsson
Submitted by NecroGod — Apr 26, 2025
Etter stormen såg eg ingenting ingenting av alt eg såg Etter stormen dreiv eg rundt i ring og undra på kor landet låg Etter stormen blanke auge bar himmelen så rar og bleik Etter stormen fann eg ingen svar viljevarden visna veik Eg kom drivande som båt i brann på dei blåe bylgjer knust i strand Eg drøymde ein draum eg trudde var sann Eg livde eit liv som forsvann Etter stormen reiv ut ryggen min såg eg ingen slott som skein Etter stormen ingen glitretind såg eg ingen himmelheim Eg var ’kje klar for denne kalde jord Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord Eg drøymde ein draum eg trudde var sann Eg livde eit liv som forsvann Eg ville flyge langt derifrå ut til allheimen den blå Eg virra rundt i ein ynskjebrunn og lengta etter mysterium Sjå verda spinn bak det kvite-grå med alle skapningar på skrå Me virrar rundt i ein ynskjebrunn og lengtar etter mysterium Eg var ’kje klar for denne kalde jord Eg var ’kje klar, eg hadde ingen ord Eg drøymde ein draum eg trudde var sann Eg livde eit liv som forsvann
Submitted by Celtic Frost — Apr 26, 2025
Så sit eg her og klemmer din hand den som no er kald og minna slår og strøymer i meg frå livet du gav til du fall I kveld skal djevelen vandre sin veg demonar skal miste si tru for eg skal vake over min skatt og kysse eit siste god natt Den dagen då du heldt kring min kropp og jubla over mitt skrik Du kviskra meg i øyret og sa at me var perfekte slik Eg møtte verda så hjelpelaust men du kunne syne ei bru for du såg slik ein fager skatt og kyste meg kjærleg god natt Eit blafrande ljos jagar skugge svart og skremmer burt ormar og angst Din hud er så bleik under månen blank men sjela di skal snart få stråle langs himmelen bjart I kveld skal djevelen vandre sin veg demonar skal miste si tru for eg skal passe på deg min skatt og kysse eit siste god natt
Submitted by Sexy Gargoyle — Apr 26, 2025
I aust så lister sola seg opp på tå med gull for dine auge så du kan sjå langt vest i hav eit land stig langsamt fram Min venn, eg veit ein veg til ein heilag stad der draumar rir på redsla - Amerika eg lovar deg at allting skal bli bra For dei finst ikkje meir! Å, dei finst ikkje meir, nei! Nei, dei finst ikkje finst ikkje, finst ikkje finst ikkje meir! Dei får aldri eige oss kvitt og fritt alt framfor dine føter er ditt og mitt Dei gamle dagar er forbi! Og no står flammane høgt opp i sky av eld og blod så kan ein morgon gry Dei ville 'kje forstå og ingen trudde på at me to kunne fly Og langt bak oss står eit hylekor som hatar denne menneskejord Dei lyste oss i bann og skam, og skam, og skam for kjærleiken er stor Men dei finst ikkje meir å, dei finst ikkje meir, nei nei, dei finst ikkje finst ikkje, finst ikkje finst ikkje meir For dei finst ikkje meir! å, dei finst ikkje meir, nei! Nei, dei finst ikkje finst ikkje, finst ikkje finst ikkje meir! Og no står flammane høgt opp i sky av eld og blod så kan ein morgon gry Dei ville 'kje forstå og ingen trudde på at me to kunne fly Og langt bak oss står eit hylekor som hatar denne menneskejord Dei lyste oss i bann og skam, og skam, og skam for kjærleiken er stor! Kjærleiken er stor! For kjærleiken er stor! For kjærleiken er stor!
Submitted by BloodShrine — Apr 26, 2025
No lyrics have been submitted for this track yet.
Eg er heilt åleine med tårar på kinn rundt meg er murar og ingen kjem inn Dei ropar om kjærleik dei ropar om fred men det er ikkje meg det er ikkje meg Så sint og fortvila og lei av meg sjølv senker eg sorga i brennvin og øl Der nede i djupet der kan eg sjå ein varde som lyste opp himmelen blå Eg kan ikkje sjå meg attende! Kirsebærblomane fell Eg kan ikkje sjå meg attende! Dag har blitt natt, morgon til kveld og i djupet lokkar ein eld Den dagen då sola ikkje kraup opp: Kan hende eit hjarte kan knuse ein kropp? Kan hende min elskling finst bak eit slør? Og nede i djupet ho opnar ei dør og nede i djupet er allting som før Eg kan ikkje sjå meg attende! Kirsebærblomane fell Eg kan ikkje sjå meg attende! Dag har blitt natt, morgon til kveld og i djupet lokkar ein eld Eg kan ikkje sjå meg attende dag har blitt natt, morgon til kveld og i djupet lokkar ein eld
Submitted by Iron_Wraith — Apr 26, 2025
Eg veit ein mann med auge rå og med håret litt på skrå Han er rik og finn svar på ein angst som folket har Og frå eit tårn av betong sminkar han ein fin fasong Å vere sterk og aldri svak er for han ei kjernesak Han har trompet utan musikk Han har ord utan lyrikk Han har hat, han har dom som ein sumar aldri kom Ei gamal bok spør vår jord: Kan ein fiende bli ein bror? Men med blod blei det sagt: I kjærleik ligg det makt! Ein draum om fred i krigar-ham var eit farvel til eiga skam Då blei dei stolte av sitt svik når dei vandra yvi lik! Når stormar tar all tru me har ein førar stig fram då! Og er du blind for auge rå forførar han deg òg! Og er du blind for auge rå forførar han deg òg! Med ein trompet utan musikk Og med ord utan lyrikk Og med hat, og med dom som ein sumar aldri kom
Submitted by MetalElf — Apr 26, 2025
Eg tvilar alt eg høyrer dei trur mest eg er gal Kan hende var ein vantru aldri heilt normal Ein gong så var eg kjettar dei slengde meg på bål Ein storm som aldri lettar ei undring utan mål Eg tvilar og eg tvilar Eg tvilar på alt det som eg er fortalt Eg tvilar på alt for då trur eg aldri galt Så eg tvilar eg tvilar på alt! I djupe gruvegangar eg hamrar stein for stein Bak undring ligg forundring og eg finn aldri heim Ein løgn kan vere sanning og sanning tomme ord Det kviler ei forbanning mot denne arme jord Og leiarar held talar som vismenn veit er tull! Og makta sit i salar der ord er kjøpt av gull! Eg tvilar på alt det som eg er fortalt Eg tvilar på alt for då trur eg aldri galt Så eg tvilar, eg tvilar eg tvilar på alt! Så eg tvilar eg tvilar på alt
Submitted by NecroLord — Apr 26, 2025
Vår Gud han er så fast ei borg, han er vårt skjold og verje. Han hjelper oss i naud og sorg, når Styggen her vil herje. Den Gamle-Erik er på felttog med sin hær. Stor makt og list har han, ein grufull pansermann! På jorda finst ei maken! Vår eiga makt er altfor svak, mot Styggen vil me tape. Men Gud har reist vår vonde sak så Fanden fekk ei skrape! Kven eig den beste list? Han heiter Jesus Krist! Ein høvding er vår mann, i kampen vinn han fram: Vår Frelsar fremst må sigre! Om verda full av djevlar var, ein ormegard i sinne. Me ingen angst i hjarte bar for Kristi sverd skal klinge! Om fyrsten for slik jord, på folkehat vert stor: - Me ler så godt me kan, han er ein dauddømd mann! Eit ord vil honom felle! Og Ordet står til domedag til agg for djevelpakket! Vår Frelsar kjem i siste slag og Nåda kan me takke! Om Fanden tek vårt liv, gods, ære, born og viv: Då har vår Herre talt, med Ordet gav Han alt! Guds rike vårt skal vere! Guds rike vårt skal vere!
Submitted by The Void — Apr 26, 2025
No lyrics have been submitted for this track yet.
← Go back to Glittertind